Oppgradert ventilasjon i Kaarstadbygget i Volda

Etter eit knapt år er Kaarstadbygget ved Høgskulen i Volda innvendig renovert i 2016. Hovudfokus har vore å installere ventilasjonsanlegg i alle areal.

To ventilasjonsaggregat med integrert kjøling syter for god luft til tilsette og studentar. Dette er behovsstyrt ventilasjon med vav på kvart rom. Bygget er freda og det har soleis vore ei utfordring å kome i mål.

Gjennom midten av bygget går ein skillemur som har 55 cm tykkelse. I denne har vi tatt ut kjerner for ventilasjon med ein samla vekt på 15 tonn. Kjerneboring og saging er utført utan nokon form for vasssøl. Dette er altså mulig og har bevist at det går an å utføre denne type avanserte operasjonar i eit slikt bygg.

Friskluftinntak er etablert i parkområdet eit stykke frå bygninga. Avkastlufta går gjennom rist plassert i bakken. Egset Ventilasjon gratulerer Statsbygg og takkar Veidekke for oppdraget og tilliten.

  • Byggeår: 2016
  • Areal: 2700 m2
  • Rehabilitering
  • Beskreven entreprise
  • PK: NOK 62 millioner