Betongsager / Diamantskjærar
Kvardagen i Egset Ventilasjon er variert og fleksibel – der dei fleste stort sett styrer sin eigen kvardag. Hos oss set vi folka først. For oss betyr det å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Mellom anna betyr det god oppfølging og rettleiing for alle våre tilsette.
Som betongsagar får du ofte arbeide på større prosjekt med hulltaking for ventilasjonsrør og samarbeid med andre tekniske fag. Ulike arbeidsoppgåver kan også vere utskjæringar av garasjeport, dører, skianlegg, + arbeid på større kaianlegg med kaidekke. I denne rolla får du også mykje tverrfagleg samarbeid med våre montørar i dei ulike prosjekta.
Søk her
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med diamantar og styring av presisjonsverktøy
- Nøkkelrolle i dei aller fleste prosjekt
- Utsaging i betongkonstruksjonar
- Gjennomføre arbeid iht. bedrifta si HMS og kvalitetsrutiner
Eigenskapar
- Løysingsorientert
- Serviceinnstilt
- Påliteleg og punktleg
- Sjølvstyrt og lærevilleg
- Praktisk anlagt
Kvifor jobbe hos Egset Ventilasjon?
- God opplæring, oppfølging og rettleiing
- Samansveisa gjeng med tverrfaglig kompetanse
- Variert kvardag, tilpassa deg
- Du styrer dine oppdrag og din kvardag
- Fokus på læring, HMS, og godt arbeidsmiljø
- Gode lønsbetingelsar, pensjonsordning og godtgjersle
- Sosiale samankomstar
- Høve til videreutdanning og kursing
Send oss ein søknad
Er du interessert i å jobbe hos Egset Ventilasjon? Ta kontakt med dagleg leiar Espen Egset på telefon: 952 07 919 eller e-post: espen@egset.no, eller fyll ut kontaktskjemaet under.
Manglar du CV? Legg uansett ved ein søknad. Vi oppfordrar deg til å legge ved referanser frå siste arbeidsplass. Dersom du er ein aktuell kandidat, tek vi kontakt. CV kan ettersendast ved behov. Alle felt i skjema merka med raud stjerne * er nødvendige felt og må fyllast ut.