Betre innemiljø og oppvarming for Rebekka med ny varmepumpe

Vi har trekt ein vinnar av konkurransen “Vinn ei Toshiba-varmepumpe!” som vi arrangerte på vår Facebook-side i januar/februar. Gratulerer så mykje til Rebekka Uhrdshals Heltne i Ålesund! Ho var ei av mange som svarte rett på følgjande spørsmål: “Kor ofte bør ein gjennomføre service på varmepumpa?”

Rebekka Uhrdshals Heltne 2021
Rebekka Uhrdshals Heltne i Ålesund vann Facebook-konkurransen med varmepumpe i premie.

Enkelte visste kanskje svaret frå før, men ein kunne óg finne svaret på våre nettsider. Det korrekte svaret er at ein bør gjennomføre service etter 5 år på nye varmepumper, og deretter kvart 2. år. Service bør gjennomførast av sertifiserte fagfolk.

Vi fekk inn mange korrekte svar, og det vart difor gjennomført ei loddtrekning blant desse. Og Rebekka og familien i Ålesund trakk det lengste strået.

Høge straumprisar

Med faretruande høge straumprisar dei fyrste månadene i 2021, og utsikt til ytterlegare tilstramming i takt med auka forbruk utover vintermånadene, kan Rebekka og familien glede seg over å kunne snike ut av rekkja av dei som betaler dyrt for oppvarming.

Frå Toshiba Polar 25 til Daisekai 9

Rebekka og familien skulle vise seg å bli endå meir overraska enn kun å bli kåra til vinnar i konkurransen. Lagerstatus på Toshiba Polar 25 var lik null, og difor slo dagleg leiar Espen Egset i Egset Ventilasjon på stortromma og gav dei i staden ei varmepumpe av modellen Toshiba Daisekai 9 med ein totalverdi på 28.990,- inkl mva.

– Før vi fekk varmepumpa i hus hadde vi varmekablar i nokre rom, samt vedfyring. Og det blei mykje fyring no i vinter sidan det var så kaldt, seier Rebekka U. Heltne. Å vinne ei varmepumpe passa jo berre heilt perfekt.

Toshiba Daisekai 9 utedel plassert på vegg for lett tilgang for vedlikehald.

No satsar den vesle familien på å få ein jamnare varme i heile huset, og dei gler seg óg til å kunne kjøle ned når sommaren kjem.

Installasjon og plassering av varmepumpe

Egset Ventilasjon kan rettleie og bistå i avgjerdsla om kor varmepumpa bør henge. Det er mange faktorar som er viktige å tenkje på, mellom anna at pumpa skal fungere i fleire rom enn berre i stova, at utedelen skal være plassert ein stad der ein enkelt kan halde den ved like, men samstundes unngå støy, til dømes viss den plasserast på ein soveromsvegg.

Toshiba Daisekai 9 innedel er plassert i stova på vegg som peikar mot trappa.

– Varmepumpa til Rebekka og familien blei plassert på ein vegg i stova, som peikar inn mot trappa. Då vil lufta frå varmepumpa sirkulere og samstundes varme opp 2. etasjen, seier Per Ole Egset i Egset Ventilasjon.

Per Ole Sollid Egset frå Egset Ventilasjon har montert Toshiba Daisekai 9 utedel.

Heime hos Rebekka og familien kan dei allereie melde at dei opplever ein forskjell på innemiljøet i huset. Ein jamn og god temperatur, og dei treng ikkje lenger fyre for å få opp temperaturen. – Ein stor takk til montørane i Egset Ventilasjon! Vi er veldig fornøgde med den gode servicen dei gav oss. Hyggelege, effektive og kunnskapsrike fagfolk!, seier Rebekka.