Egset Ventilasjon er miljøsertifisert og kan kalle seg Miljøfyrtårn

– For oss er dette eit konkurransefortrinn, seier dagleg leiar Espen Egset i Egset Ventilasjon AS. Espen er gründer i selskapet der forretningsideen baserer seg på å skape betre innemiljø, og å spare energiutgifter. – Vi har jo jobba med miljø i over 30 år. Og har spart atskilleg mange titals millionar kilowattimar for kundane våre, seier Egset.

Godt kvalifisert

Egset Ventilasjon hadde ikkje problem med å stette krava til å bli Miljøfyrtårn. – Vi slapp å sette i verk tiltak. Det handla berre om å dokumentere det vi alt har gjennomført, seier Kim Volle, som har hatt ansvaret for arbeidet med miljøsertifiseringa. Volle fortel at dei mellom anna legg vekt på å ha ein moderne bilpark, som brukar lite drivstoff. – Vi har ikkje bilar eldre enn fem år. Og no ventar vi på at det kjem elektriske varebilar som er store nok for våre behov.

Diplom

«Arbeidet som er nedlagt fram mot sertifiseringa viser at de tar miljø på alvor og viser samfunnsansvar. Samstundes håper vi at de ved å sette fokus på eigne miljøaspekt opplever at det er mogleg å redusere kostnader og betre omdømmet til verksemda», står det på diplomet som stadfestar sertifiseringa.

Egset Ventilasjon er miljøsertifisert som Miljøfyrtårn
Miljøsertifisering for Egset Ventilasjon. Frå venstre: ordførar Sølvi Dimmen i Volda kommune, ansvarleg for miljøsertifiseringa Kim Volle og dagleg leiar Espen Egset.  Foto: Svein Aam

Ordførar Sølvi Dimmen var til stades då sertifiseringa vart markert. – Det er viktig at vi har miljøsertifiserte bedrifter i kommunen vår, seier Dimmen. – Ja, vi vil utfordre andre bedrifter til å gjere det same, seier Espen Egset.

Rekordår

Egset Ventilasjon AS leverer mellom anna ventilasjonsløysingar og varmepumper. Ein av dei siste store jobbane er mediebygget i Volda. Dei 19 tilsette har meir enn nok å gjere. – Straumsparing og energiøkonomisering er meir aktuelt enn nokon gong. Vi har passert fjorårets omsetnad med god margin allereie, og kjem vel til å nærme oss 50 millionar kroner i år, seier Espen Egset.

Artikkel opprinnelig publisert i Møre-Nytt (tekst og foto Svein Aam)