Egset Ventilasjon leverer inneklima til VCA i Volda
Mandag 7. desember 2020 vart Volda Campus Sparebank 1 Arena (VCA) overlevert til eigarane. – Det er store dimensjonar på ventilasjonsanlegga i den nye storstova i Volda, konstaterer dagleg leiar Espen Egset i Egset Ventilasjon AS i Volda. Heile 90.000 kubikkmeter frisk luft pr time fordelt på fire ventilasjonssystem syter for godt inneklima.

Lufta er styrt av CO2- og temperaturfølarar ute i lokalet. På bileta ser vi Espen Egset i teknisk rom omgitt av store kanalar på heile 1,5 meter i diameter. – Det er alltid kjekt å kunne levere kvalitet til rett pris og til rett tid, seier ein nøgd Espen Egset.

Det er Egset Ventilasjon AS som har stått for prosjektering, levering og montering av ventilasjonsystema i Volda Campus Sparebank 1 Arena (VCA) i Volda. Anlegget med 4 kraftige aggregat for friskluft vart overlevert til eigarane i desember 2020, men vert offisielt opna i januar 2021.

Egset Ventilasjon AS og dei tilsette takker for oppdraget og gratulerer VCA med det flotte anlegget som på det meste kan ta 2.000 tilskodarar.

Du kan lese meir om Volda Campus Sparebank 1 Arena (VCA) på heimesida med adresse https://voldacampusarena.no.
