Einedalen Fleirbrukshall

Egset Ventilasjon er med på å levere komplett ventilasjonsanlegg til fleirbrukshallen i Einedalen i Herøy kommune.

Hallen som blir ført opp i Einedalen er av den største typen fleirbrukshall, og er tiltenkt som ein gymsal for skulen. Like viktig er funksjonen som hallen får inn mot idrettslaga.

Hallen får ei speleflate på 25 x 45 m og som kan delast inn i tre soner med tilhøyrande tribuneanlegg, garderober, treningsrom og lagerfunksjonalitet. 

Bygget skal stå ferdig og klar til bruk våren 2020.