Kuldeteknikar
Kvardagen i Egset Ventilasjon er variert og fleksibel – der dei fleste stort sett styrer sin eigen kvardag. Hos oss set vi folka først. For oss betyr det å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Mellom anna betyr det god oppfølging og rettleiing for alle våre tilsette.
I denne rolla får du ein særdeles variert kvardag, kor du jobbar høgt og lavt med montering av varmepumper, rør og tekniske løysingar gjeldande kjøl, frys, ventilasjon, varmepumpe og automasjon. I stillinga vil du få tildelt ein bil, fleksibilitet til å styre mykje av eigen kvardag og spennande utfordringar.
Søk her
Arbeidsoppgåver
- Kuldetekniske installasjonar
- Arbeid med ventilasjonsanlegg med intergrert varmepumpe og aircondtion-system
- Sveising
- Feilsøking
- Reparasjonar
- Service og oppfølging av prosjekt
- Kundekontakt
Eigenskapar
- Løysingsorientert
- Serviceinnstilt
- Påliteleg og punktleg
- Sjølvstyrt og lærevillig
- Erfaring frå liknande jobbar
- Fagbrev innan kuldeteknikk eller anna bakgrunn og erfaring innan elektro, automasjon eller maskinfag.
Kvifor jobbe hos Egset Ventilasjon?
- God opplæring, oppfølging og rettleiing
- Samansveisa gjeng med tverrfaglig kompetanse
- Variert kvardag, tilpassa deg
- Du styrer dine oppdrag og din kvardag
- Fokus på læring, HMS, og godt arbeidsmiljø
- Gode lønsbetingelsar, pensjonsordning og godtgjersle
- Sosiale samankomstar
- Høve til videreutdanning og kursing
Send oss ein søknad
Er du interessert i å jobbe hos Egset Ventilasjon? Ta kontakt med dagleg leiar Espen Egset på telefon: 952 07 919 eller e-post: espen@egset.no, eller fyll ut kontaktskjemaet under.
Manglar du CV? Legg uansett ved ein søknad. Vi oppfordrar deg til å legge ved referanser frå siste arbeidsplass. Dersom du er ein aktuell kandidat, tek vi kontakt. CV kan ettersendast ved behov. Alle felt i skjema merka med raud stjerne * er nødvendige felt og må fyllast ut.