Montør – Ventilasjon

Kvardagen i Egset Ventilasjon er variert og fleksibel – der dei fleste stort sett styrer sin eigen kvardag. Hos oss set vi folka først. For oss betyr det å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Mellom anna betyr det god oppfølging og rettleiing for alle våre tilsette.

I denne rolla har du ansvar for montering av klimateknisk utstyr for ulike oppdrag, du vil også bli tildelt ein bil. Arbeidskvardagen startar når du set deg i arbeidsbilen, og stillinga gir deg fleksibilitet til å styre mykje av eigen kvardag. Du vil få ein særdeles variert kvardag kor du jobbar både høgt og lavt med dei ulike oppdraga og prosjekta.

Søk her

Arbeidsoppgåver

  • Montering av ventilasjonskanalar og utstyr 
  • Montering av klimateknisk utstyr
  • Gjennomføring av arbeid iht. bedrifta si HMS og kvalitetsrutiner
  • Kundekontakt

Eigenskapar

  • Løysingsorientert 
  • Serviceinnstilt 
  • Påliteleg og punktleg
  • Sjølvstyrt og lærevillig

Kvifor jobbe hos Egset Ventilasjon?

  • God opplæring, oppfølging og rettleiing
  • Samansveisa gjeng med tverrfaglig kompetanse
  • Variert kvardag, tilpassa deg
  • Du styrer dine oppdrag og din kvardag
  • Fokus på læring, HMS, og godt arbeidsmiljø
  • Gode lønsbetingelsar, pensjonsordning og godtgjersle
  • Sosiale samankomstar
  • Høve til videreutdanning og kursing

Send oss ein søknad

Er du interessert i å jobbe hos Egset Ventilasjon? Ta kontakt med dagleg leiar Espen Egset på telefon: 952 07 919 eller e-post: espen@egset.no, eller fyll ut kontaktskjemaet under.

Manglar du CV? Legg uansett ved ein søknad. Vi oppfordrar deg til å legge ved referanser frå siste arbeidsplass. Dersom du er ein aktuell kandidat, tek vi kontakt. CV kan ettersendast ved behov. Alle felt i skjema merka med raud stjerne * er nødvendige felt og må fyllast ut.

Click or drag files to this area to upload. You can upload up to 3 files.
Trykk oppdatere i nettlesar (Ctrl+F5) om ikkje feltet fungerar.
Click or drag files to this area to upload. You can upload up to 3 files.
Trykk oppdatere i nettlesar (Ctrl+F5) om ikkje feltet fungerar.