Om oss
Egset Ventilasjon skal vere pålitelege, presise og ha den beste og nyaste kunnskapen innan våre ulike fagfelt.– Espen Egset
Egset Ventilasjon leverar profesjonelle ventilasjonsløysingar til næringsverksemd, offentlege institusjonar og private hushald.
Egset Ventilasjon vart starta av Espen Egset i 1998 og har sidan vakse til ei verksemnd med 20 tilsette og sunn økonomi. Vi har hovudkontor i Furene i Volda kommune på Søre Sunnmøre. I 2016 starta vi opp avdeling i Ålesund (avdelinga dekker område heilt til Vestnes).
Alltid på veg til ein plass nær deg
Egset Ventilasjon har sidan oppstarten bygget opp eit breitt kompetansefelt innan ventilasjonsløysingar for næringsverksemd, offentlege institusjonar og private heimar Vi har og mellom anna levert: ventilasjonsanlegg, varmepumper, kjølerom- og fryserom, service/reparasjon og tilbehør til levert utstyr, samt betongsaging og kjerneboring på heile Søre Sunnmøre.
Sjølv om vi leverer utstyr over heile Noreg, er det liten tvil om at det er store fordelar å velje ein lokal aktør. Det er sjølvsagt sunt for utviklinga av området at lokale bedrifter støttar kvarandre, men dei viktigaste grunnane er fordelane du som kunde får: Kort transportveg og kjapp service og vedlikehald. Me har også særdeles god innsikt i lokalnæringas behov, noko som er ekstra nyttig når me skal bli kjend med nye kundar.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat!
Kontakt oss
Egset Ventilasjon er og godkjent forhandler i NOVAP. Norsk Varmepumpeforening (NOVAP) er en uavhengig interesseorganisasjon som arbeider for økt anvendelse av varmepumper i det norske energisystemet.
Egset Ventilasjon er miljøsertifisert i 2021 og kan kalle seg Miljøfyrtårn.