Service og vedlikehald på varmepumper: Kva bør gjerast og kor ofte?

Har du investert i ei varmepumpe vil du naturleg nok at den skal fungere optimalt så lenge som mogleg. Varmepumpa kan leve i opptil 15 år om den blir tatt godt vare på. Det er ulike grep du kan ta for at varmepumpa skal yte best mogleg, som reingjering, vedlikehald og service. Her er nokre gode råd til kva som bør gjerast og kor ofte!

Reingjering av varmepumpe
Generelt anbefaler vi å reingjere varmepumpa kvar andre månad, men nokre deler kan gjerne reingjerast oftare. Grovfilteret kan vaskast etter behov men helst kvar andre veke. Vi anbefaler å starte reingjeringa med delane av pumpa som er innandørs. Skru av pumpa og trekk ut stikkontakten, så kan du reingjere overflatene med ein mjuk, fuktig klut.

Varmepumpe montering
Generelt anbefaler vi å reingjere varmepumpa kvar andre månad.

Reingjering grovfilter
I varmepumpa di finner du grovfiltera, som skal fange opp større partiklar som hår og støv. Eit grovfilter er det filteret du finn rett under luka i varmepumpa. Reingjer grovfiltera annakvar veke eller etter behov.

Start med å løfte opp frontpanelet, og løft filteret forsiktig opp før du trekk det ned og ut av haldaren. Reingjer filteret ved å støvsuge eller vaske det med såpevatn. Bruker du såpevatn er det viktig å skylje grundig i reint vatn og la det tørke ordentleg. Dette er spesielt viktig då vatn tiltrekker seg støv. Til slutt sett du filteret på plass ved å dytte det forsiktig opp, og så inn og ned.

Noko kanskje ikkje mange veit er at varmepumpa har eit filter på innsida av støvfilteret som skal fjerne røyk og lukt. Dette filteret bør reingjerast regelmessig, og byttast ut kvart halvår då det ikkje kan vaskast.

Reingjering av andre filter
Varmepumpa har fleire andre filter i tillegg til grovfiltera. For å vite meir om filtera akkurat di varmepumpe har må du lese i brukarmanualen. Toshiba sine varmepumper, som vi leverer, har elektrostatiske filter, lonegenerator og IAQ-filter.

Les meir om reingjering av andre filter i Toshiba-pumper.

Varmepumpe service
Reingjer det ytre dekselet med ein fuktig klut, det er viktig å aldri spyle utedelen.

Reingjering av varmepumpe-delen utandørs
Reingjer det ytre dekselet med ein fuktig klut, det er viktig å aldri spyle utedelen. Du bør gjennom heile året sjekke regelmessig at utedelen av varmepumpa er fri for løv, planter, snø og liknande. Ved kraftig vind og/eller snøfall bør du sjekke den ekstra godt.

Det er viktig å vite at du aldri skal fjerne is på utedelen med mekaniske verktøy, då dette kan gi skadar som ikkje vert dekt av garantien. Varmepumpa vil vanlegvis køyre automatisk avriming for å sjølv fjerne is ved behov. Om det kjem så mykje is på pumpa at den ikkje får fjerna det sjølv må du setje den i kjøledrift.

Service på varmepumpa kvart 5. år
I tillegg til det regelmessige vedlikehaldet du sjølv tek, er det viktig å få utført service på varmepumpa. Mange av våre kundar bestiller service på varmepumpa på hausten, noko som fort gir lange ventelister. Vi anbefaler difor å planlegge varmepumpevedlikehald på seinvinter eller vår. Kanskje kan det bli ei ny rutine under vårreingjeringa?

Vi anbefaler å ta ein service av pumpa kvart femte år, for at pumpa kontrollerast av kvalifisert personell for å sikre forlenget levetid. Har du ikkje allereie ein serviceavtale med ein autorisert forhandlar kan du gjerne ta kontakt med oss i Egset Ventilasjon. Da får du kvalifisert personell som utfører service på varmepumpa, for å sikre jamn og god varme i åra som kjem.

Bestill service i dag så slepp du å vente i kø når du treng stabil varmepumpe-drift til hausten!

Fyll ut skjema under for å bestille service på varmepumpa. Vi tek snarleg kontakt med deg for å avtale tid.

Egset Ventilasjon har avdeling i Volda og Ålesund. Velg den avdelinga som er nærast deg.
Dersom dette er ein generell førespurnad treng du ikkje å velge avdeling.
Personnamn eller selskapsnamn
Telefonnummer må leggast inn
Epost-adresse må leggast inn
Skriv ein tittel for feilen du rapporterer
Har du bilde av området vi skal installere på, bilde av feil på produktet og/eller bilde av produktnamn/produktnummer/serienummer?
Dette valget er nødvendig i henhald til GDPR