Ny og stilig varmepumpe: Toshiba Signatur
Varmepumpa Signatur frå Toshiba er modellen for deg som verdsett eksteriør like mykje som yting. Toshiba Signatur vann prestisjetunge IF Design Award 2021, og er i tillegg ei kraftig og effektiv varmepumpe.
Med Signatur får du både høg varmeeffekt og ei mengde nyttige funksjonar. Signatur har sjølvsagt energiklasse A+++, den er meget stillegåande og yt på toppnivå. Med varmepumpa følger det med to tekstiltrekk, i fargane granitt og skifer.

Sett din Signatur på rommet
Vel frå ein heilt palett med lekre fargar
Signatur heng diskre på veggen med sitt slanke uttrykk, reine linjer og mjuke former. Vel fargen som passar din heim og din stil, og få eit personleg uttrykk. Maler du veggen eller bytter ut sofaen skifter du enkelt tekstiltrekket sjølv til ynskja farge.
*Granitt og Skifer er standardfargar på tekstiltrekka som begge er inkludert i pakken. Hav, Mørk isbre, Sand og Varm jord vil vere tilgjengelege i løpet av hausten.

Finn varmepumpa som passar deg best
Varmepumpa Signatur kjem i to ulike modellar: Signatur 25 og Signatur 35. Begge har same dimensjonar, men mellom anna ulik varmeeffekt. Sjekk tabellen for å finne den som passar deg og din heim best.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon og bestilling av Signatur varmepumpe!

Stilig og fleksibel
Kraftig og effektiv
Vi trur at inneklima handlar om meir enn luftkvalitet og temperatur. Det er sjølvsagt viktig, men det handlar også litt om korleis du opplev rommet. At du trivst der. La Signatur bidra til den gode kjensla! Toshiba Signatur vert levert i to versjoner, der modell 25 er den minste og modell 35 er den største.
«Signatur er ein heilt unik modell der fokuset har vore å tilpasse eksteriøret til kvar enkelt sin personlege stil og smak. Vi håper at du let deg inspirere!»
– Joachim Kobbeltvedt, Produktsjef Toshiba Norge

Vinner av iF Design Award
Prisen som sidan 1954 har fremma god produktdesign*
Teknisk er Signatur eit lite vidunder. Japansk ingeniørkunst sikrar høg varmeeffekt og bunnsolid kvalitet på alt «under panseret». Og over panseret? Der har du grunnen til at Signatur vann prestisjetunge «iF Design Award 2021».
*iF Product Design Award vart introdusert i 1954 og vert årleg delt ut av iF International Forum Design. Prisen, som går over fleire kategoriar, hadde rundt 10 000 innleveringar frå 60 land i 2021.

Yting og design – hand i hand
Toshiba varmepumper vert testa for å tåle kaldt klima
Med Toshiba Signatur på veggen er du godt rusta for alle årstider. Den er tilpassa vårt krevande nordiske klima. Den høgaste energimerkinga i kombinasjon med 4000 W avgitt effekt ved -15 °C, sørger for å halde deg varm gjennom vinteren*. Samtidig er den meget stillegåande med lavaste lydnivå på 19 dB i stillemodus.
*Denne modellen er fabrikktesta til å generere varme effektivt heilt ned til -25 °C, men varmer også ved enda lågare temperaturar.

Trendy og smart
Full oversikt uansett kvar du er
Signatur er sjølvsagt også full av nyttige funksjonar. Du kan blant anna:
• Justere opp varmen på vei til hytta
• Få oversikt over temperaturen med eitt tastetrykk
• Få detaljert oversikt over straumforbruket ditt
• Timer-funksjon med 4 ulike program per dag
• Gjere justeringar frå sofaen eller når du er på farta
• Bruke stemmestyring som støtter både Google Home Assistant og Amazon Alexa
Med innebygd WiFi og styringsapp vert din Signatur enda smartare!
Kontakt oss gjerne for meir informasjon og bestilling av Signatur varmepumpe!
Fyll ut skjema under så tek vi snarleg kontakt med deg.