Ventilasjonsanlegg til Bertel O. Steen på Digerneset
Vi i Egset Ventilasjon er stolt leverandør av ventilasjon til det nye bilanlegget til Bertel O. Steen på Digerneset. Det nye anlegget er på 10 000 kvm fordelt på tre bygg, og er det største bilanlegget til Bertel O. Steen mellom Bergen og Trondheim. Anlegget er utvikla i samarbeid med byggherre Waagan Eiendom, Bertel O. Steen og entreprenør Peab K. Nordang. Arkitekt i prosjektet er Slyngstad Aamlid arkitekter v/Ivar Aamlid.
Egset Ventilasjon har levert eit energivennleg ventilasjonssystem med god temperaturverknadsgrad. På store anlegg som dette må ein vere innovativ, så her er det valgt tekstilposar. Tekstilposar på store anlegg gir eit fantastisk resultat. Fordelen er at det er mindre påkjenning på montørane, og at arkitekten sjølv kan velge farge på tekstilkanalen.
Egset Ventilasjon takkar for eit godt samarbeid, og gratulerer Bertel O. Steen med bilanlegget.


