Ventilasjonsansvarleg for bolig

Er du framoverlent, strukturert og trivast i ein hektisk kvardag? Ønskjer du å jobbe i eit uformelt og tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på læring og utvikling? Då er dette jobben for deg!

Egset Ventilasjon har over 25 års erfaring innan ventilasjon, med fokus på rehabilitering og energieffektivisering av store og små bygg. Gjennom desse åra har vi hatt ein sunn vekst, bygt solid kunnskap og profesjonalitet, og opplever auka etterspurnad innan fleire av våre fagområder. Vi søkjer derfor etter den rette personen som kan ha ansvar for boligventilasjon på Sunnmøre. 

Søk her
Øyvind ser på pc

Som ansvarleg for boligventilasjonen vil du få ein variert og fleksibel kvardag. Du vil følge kunden heile vegen frå synfaring, gjennom tilbods- og salsprosessen, leveranse og til service og vedlikehald. Vi vektlegg personlege eigenskapar og ser etter ein lagspelar, med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og som ønskjer å utvikle seg fagleg. Du vil jobbe tett med både kunde og leverandørar – som betyr at du bør vere sjølvstendig og framoverlent i forhold til salg, og det å finne dei beste løysingane. Stillinga krev høg arbeidskapasitet og at ein toler mange førespurnadar samtidig. Det å jobbe strukturert og med god orden er avgjerande for å gjere ein god jobb. Ein må til ei kvar tid vere orientert om status på prosjekt, og sørge for god oppfølging og lønnsemd.

Erfaring frå ventilasjonsbransjen eller tilgrensande fag er ein fordel, men du vil få både opplæring og tett oppfølging av dyktige kollegar, så dette er også jobben for deg som ønskjer eit karriereskifte.

Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivast på jobb og har eit uformelt arbeidsmiljø med fokus på læring. Vi tilbyr fagleg og personleg utvikling med moglegheiter for vidareutdanning. Vi har konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår. Du får også moglegheit til å delta på sosiale samlingar. Vi tilbyr god opplæring, oppfølging og rådgjeving, i tillegg til ein samansveisa gjeng med tverrfagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for boligventilasjon 
  • Synfaring og utarbeiding av tilbod
  • Gjennomføring og økonomisk oppfølging av prosjekt innan boligventilasjon 
  • Ansvar for service og vedlikehald innan boligventilasjon

Vi tilbyr

  • Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like
  • Ein sjølvstendig og ansvarsfull jobb
  • Fleksibilitet til å utforme og styre eigen arbeidsdag
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgaver som gir moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Disponere eigen firmabil med alt av verktøy
  • Konkurransedyktige føresetnadar med gode lønnsvilkår 
  • Moglegheiter for jamnleg intern og ekstern kursing
  • Eit positivt, inkluderende og godt faglig arbeidsmiljø
  • Sosiale aktivitetar og samkomstar gjennom året

Send oss ein søknad

Nysgjerrig på om dette er jobben for deg? Ta kontakt for ein uformell prat eller send oss din søknad i dag! Ta kontakt med Per Ole Egset på telefon 926 34 688 eller e-post: perole.sollid@egset.no, eventuelt fyll ut kontaktskjemaet under. 

Søknadsfrist: 5. februar 2023

Manglar du CV? Legg uansett ved ein søknad. Vi oppfordrar deg til å legge ved referanser frå siste arbeidsplass. Dersom du er ein aktuell kandidat, tek vi kontakt. CV kan ettersendast ved behov. Alle felt i skjema merka med raud stjerne * er nødvendige felt og må fyllast ut.

Click or drag files to this area to upload. You can upload up to 3 files.
Trykk oppdatere i nettlesar (Ctrl+F5) om ikkje feltet fungerar.
Click or drag files to this area to upload. You can upload up to 3 files.
Trykk oppdatere i nettlesar (Ctrl+F5) om ikkje feltet fungerar.